17. desember
Eg har budd i kjellar og på loft, på gard og i burettslag, i kollektiv og for meg sjølv i ei hytte. Alt har sin sjarme og sine utfordringar.
Men utsikt er fint å ha.
Når det er mørkt og lysa skin som eit stjernehav. Når den fyrste snøen har lagt seg over taka. Når ein sit åleine og ser på bilane som passerer i natta. Når sola står opp og når sola går ned. Når det er ruskevêr.
Ein kan lyfta blikken mot utsikten og få lyfta humøret.
Og sjølv når utsikten er grå, skjer det noko der ute. For verda ligg for føtene dine.